Byttedag på Firda VGS

Den 16. januar vart det arrangert byttedag i Aulaen på Firda vidaregåande skule. Det var Natur og Ungdom Nordfjord som stod bak. Mange folk var innom, og byttedagen blei ein suksess!

test

Byttedag i Aulaen på Firda vgs 16 januar 2019. Foto: Birte Fossheim

Klima og miljø i fokus

Bakgrunnen for at Frida Bjørnereim og Julie Aksnes Williamsen i Natur og Ungdom Nordfjord tok initiativ til denne byttedagen, er eit bidrag for miljøet. – Det høge forbruket vårt på kle og ting, veit vi bidreg til forureining og utslepp. Ved at ting som vi ikkje brukar meir, kjem til nytte hjå ein ny eigar, så bidrar dette positivt for miljøet. Ei slik konkret handling, er også med å endre folk sine haldningar. Når ein finn seg eit plagg eller ein ny lampe på bruktmarknaden, så gjere det oss gjerne litt meir bevisst som forbrukarar, seier Julie som er godt fornøgd med responsen både på stands og frå folk som var innom. Folk sine haldningar til gjenbruk, opplever dei stadig blir meir positive, seier dei to. – Og «gi-vekk-stasjonen» var spesielt populær for hybelburar som trengte kjøkenutstyr og dekor!

Dei to fekk mykje ros for initiativet, både frå dei som hadde stand og dei som kom for å handle.

Slik organiserte dei byttedagen

Kven som helst kunne melde seg på med stand via eit arrangement på facebook. Du valde sjølv korleis standene din skulle vere, kva du ville selje, bytte eller gi bort. Standen kosta 50 kr, og då kom du til ferdig klargjort stand der du kunne plassere ut varene dine, lekker tapas for gjester som besøkte bruktmarknaden, og utlodding av premiar for personar som deltok. Dei kleda som folk ikkje ville ta med seg heim etter marknaden, tok dans- og dramaklassa på Firda seg av, og leverte til Fretex det dei ikkje kunne bruke.

Vil kome fleire byttedagar

– Dette var så moro, at vi gjerne vil gjennomfører liknande arrangement fleire gonger, seier initiativtakarane Frida og Julie frå Natur og Ungdom. Gloppen kommune har vore og spurt om vi kan tenkje oss å arrangere byttedag på ein Landsbylaurdag i Sandane sentrum, og det sa vi sjølvsagt ja til, smiler dei to klimaengasjerte ungdomane.

frida og lindis

Initiativtakar Frida Bjørnereim (t.v) og Julie Aksnes Williams i Natur og Ungdom Nordfjord. Foto: Birte Fossheim

Vellukka konferanse!

Knut Isdal Lindstrøm held sluttappellen. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Ole Mathismoen viste teikningar,  Agnes Tvinnerreim lærte oss om berekraft, Cicero oppdaterte oss på status, Astrid Sinnes sa «action!» og Kristine Ullaland hadde samla tre år med søppel i eit lite norgesglas. I skulegården sto Guro og Mats Herman sitt minihus på hjul, på scena sto flaumsimulatoren, i underetasjen fekk elevar vere med på øya Tellus og i Aulaen fekk andre elevar forsøke å løyse framtidas utfordringar. I tillegg fekk vi høyre fleire elevar frå scena kome med inspirerande appellar til medelevar og oss andre.

15.november arrangerte Firda VGS, i samarbeid med NOMIL, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Nordfjordrådet, SFE, Gloppen kommune og Sparebankstiftinga klimakonferansen «Den grøne tråden». Her fekk pedagogar, elevar og andre interesserte høyre, sjå og prøve mykje spennande. Vi lærte om klimaet og miljøet på ulike måtar, fekk tips til korleis ein kan lære meir og ikkje minst vart vi oppfordra til å gjere noko. Under bileta her finn du lenker til foredraga.

Kristine Ullaland oppfordra til Zero waste. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Storm fortalde om erfaringar frå Raftostiftinga sitt opplegg Framtidspiloten. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Elevar for prøve Firda vgs sin flaumsimulator. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Ole Mathismoen fortel om korleis ein kan nå ut gjennom teikneseriar. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Astrid Sinnes oppfordrar til handling. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Astrid Arnslett frå CICERO kjem med siste nytt om klima. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Kristen Ravnestad frå NOMIL losa oss trygt gjennom programmet. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Her er presentasjonane:

Verda og vi – 2050

Verda og vi 2050

I år har vi på Firda vgs både Klima- og miljøfag 1 og Klima- og miljøfag 2. Og i dag presenterte K&M 1-klassa korleis verda ser ut i 2050 for den andre klassa.

Gjennom prosjektet «Verda og vi 2050» har K&M 1-klassa sett på ulike framskrivingar, og ut i frå dette gjort seg opp nokre tankar om korleis verda ser ut i 2050. Under dagens presentasjon tok K&M 1 med seg K&M 2 på ei reise i tid, fram til 2050. Så forklarte dei korleis verda ser ut i 2050, og kva som førte til at vi kom dit.

Den eine gruppa hadde om energi og kunne fortelje at i dag (2050) er atomkraft ei viktig energikjelde. Ei anna gruppe fortalde om flyktningar og korleis Maldivene no er heilt fråflytta. Vi fekk også høyre at folk bur tettare og i at dei fleste har solceller på taka og i gardinene. I tillegg lærte vi at kunstig kjøt er blitt billigare, og er i ferd med å konkurrere ut vanleg dyrekjøt. Det er også slik at folk flest ikkje lenger styrer bilane sjølve, men det er framleis pilotar med under langdistanseflygningar. Og i Gloppen har vi vore nøydt til å bygge vollar ut mot fjorden for å beskytte oss mot stormflo grunna havnivåstigninga.

Elevane sitt framtidsbilete var prega av ei god blanding av optimisme og pessimisme. Etter presentasjonen hadde elevane frå K&M 2 førebudd seg slik at dei kunne stille gode spørsmål til framtida. Dette var eit interessant tankeeksperiment, og det blir spanande og sjå kva som blir reelt og ikkje av desse punkta. Det vil framtida vise!

_FHG1359_nett

Klimakonferansen «Den grøne tråden»

klimakonferanse i GloppenGrøn skule – prosjektet ved Firda vgs inviterer i lag med våre gode samarbeidspartnarar til klimakonferansen «Den Grøne Tråden». Tema for konferansen er klimaformidling og vi ønskjer å sette fokus på å lære om klima og miljø ved å gjere. For det er akkurat det det dreier seg om – å gjere.

Vi har vore heldig som har fått med oss dyktige foredragshaldarar og gode samarbeidspartnarar slik at vi kan levere ein konferanse med høgt fagleg innhald. Vår konferansier Kristen Ravnestad vil guide oss gjennom eit program som omfattar klimautfordringar, klimaformidling og utvikling av handlingskompetanse, samt ei rekke innspel til korleis ein kan jobbe med disse viktige spørsmåla i skule og barnehage. Vi får blant anna møte forskarar, lærebokforfattar, lærarar og folk som har tatt grep og gjort bevisste val i høve til korleis dei kan bidra med eit grønare liv.

Konferansen er ope for alle.

Tid og stad:

Firda vidaregåande skule, Kultursalen i Trivselshagen
15.november, kl 09.30 – 15.00

Meir informasjon, program og påmelding finn de på lenka:

https://sfj.pameldingssystem.no/klimakonferanse

Er vatn noko viktig da?

Foreldre og personale i Breim barnehage bygde på dugnad eit område for vassleik. Rør, trakter, målebeger og vasshjul vart skrudd opp på ein vegg. Barna er ivrige i si utforsking og leik med vatn. Spennande at vatnet får hjulet til å gå fort rundt! Dette vart ein leikande måte å få erfaring med naturressursen vatn på.

Skattejakt på Breim!

Breim barnehage har i april jobba med temaet  bærekraftig utvikling. Det har vore prosjektarbeid på avdeling Dunheia, Snønipa og Eggenipa. Kva høyrer til i naturen og kva er søppel som vi må rydde vekk?  Barna har undra seg saman med vaksne kring kva som skjer dersom t.d fisken et plasten som flyt i vatnet. Avdelingane tok turen i fjæra og i skogen for å samle inn alt som ikkje høyre til der. Dette vart ei «skattejakt» og mykje vart funne. Øydelagte ballar, sko, skrujarn og plast var noko av «skattane». Dette vart i sin tur gjenbrukt til noko kreativt skapande der barna styrte prosessen. Samtalane og tankane til  barna , samt prosessen frå søppel til gjenbruk vart samla i ei digital bok

Stille på Den Grøne Tråden – likevell mykje aktivitet

Det har vore stille på bloggen her over lengre tid no, dette er ikkje fordi det har vore lite som har skjedd, men fordi det ikkje har vore mogleg å logge seg inn på bloggen. No er teknikken i orden og vi vil halde lesarane oppdatert på kva som skjer i kommunen.

Det har vore mange spanande prosjekter i haust og vinter og ein spanande tid for oss som arbeider i prosjektet.

Sandkassa – utvikling av eit deltagande undervisningsopplegg

I haust kontakta vi det lokale firmaet Brødrene Aa med ein ide. Vi ville lage eit basseng fylt med sand og vatn som kunne demonstrere korleis klimaendringane, med auka ekstremvær, vil påverke samfunnet vårt lokalt. Med god hjelp av Brødrene Aa og nokre lokale handtverkarar fekk vi laga ein stor sandkasse som i dag er plassert på Newtonrommet til Firda VGS. Det er i jamt i bruk, både av elevar på skulen og elevar frå andre skular i kommunen. Sandkassa engasjera og viser konkret korleis ei elv flommar og kva vi må gjere for å førebu oss slike situasjonar. Dette bassenget vart i bruk når H.M. Dronning Sonja var på besøk og imponerte ho, samt kunnskapsministeren og dei andre besøkande.

I vinter har vi jobba med å utvikle tre undervisningsopplegg med sandkassa som kan leve vidare når Grøn Skule prosjektet er over. Dette vil bli opplegg som er tilpassa ulike aldersgrupper, er engasjerande og faglig sterke. Dette er spenande og vi gledar oss til å teste dei ut utover våren, da vi får fleire besøk frå blant anna Gloppen Ungdomsskule, Breim Skule og Eikesfjord Ungdommskule!

NEWTONROM: Dronning Sonja på omvisning på Firda vidaregåande skule.NEWTONROM: Dronning Sonja på omvisning på Firda vidaregåande skule.

p01DYNl6JSJTFQ7Ie4cwIAnDXbwAOpkLbs9hDTbXknVw (1)

Sandkassa i bruk under dronningbesøket saman med 4. klassingar frå Sandane Skule. 

 

 

Utdanning for bærekraftig utvikling

Det siste prosjeketet vi har satt i gang er ein konferanse for utdanning for bærekraftig utvikling. Dette er enda i startfasen, men vi har mange spanande navn på blokka og mange gode idear, som forhåpentligvis vil resultere i ein god og spanande konferanse. Meir informasjon om dette vil komme!