Denne veka har barna i Rygg barnehage hatt ryddedagar. Dei har tatt med seg bossposar og plukka rusk i nærområdet til barnehagen. Dei fann alt frå flasker og tomme boksar til plastrør, taurestar og papirrusk. Alle barna er samt enige om at det ikkje er bra å kaste frå seg bosset – ein bør heller kaste det i bossbøtta!
Onsdag samla vi saman alle bossposane og reiste på besøk til Nomil. Der vart vi tekne godt i mot! Barna fekk lære korleis vi sorterar bosset. Papir i den blå dunken, matavfall i den brune, restavfall i den grøne, plast i sekken og i den nye raude dunken skal vi kaste glas og metall. Farleg avfall som batteri kan leverat på Nomil.
Barna kasta bosset vi hadde med i riktig dunk!
Etterpå gjekk vi rundt og såg på dei store containarane og lastebilane som skulle køyre masse boss til fabrikkane på austlandet… Vi fekk også sjå korleis plastavfall og papiravfall vart pressa saman i store stablar. Ein spennande dag med mykje inntrykk!