Barnehagane og skulane i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane, har gått saman om eit prosjekt for å løfte fram klima, miljø og berekraftig utvikling som tema i heile opplæringsløpet i kommunen: Vi ynskjer å nøste ein grøn tråd frå barnehage, gjennom barneskule og ungdomskule, til vidaregåande skule.
Det vert gjort utruleg mykje godt og spanande arbeid rundt om i skulane og barnehagane. Denne bloggen er eit utstillingsvindu kor skulane og barnehagane kan syne fram kva dei gjer – så omverda får sjå, og til inspirasjon for kvarandre. Her vil det komme store og små reportasjer og innlegg frå turar, klasseprosjekt, kanskje elevstilar og anna. Fantasien hos vaksne, ungdom og barn i skulane og barnehagane set grensa.
Bakgrunnen for prosjektet er dei store endringane samfunnet kjem til å gå gjennom, og allereie har byrja å gå gjennom, også kalla det grøne skiftet. Vi skal og må gjere store kutt i utslippet av klimagasser, og vi må tilpasse oss dei klimaendringane vi allereie byrjar å sjå effekten av.
Men dette handlar ikkje berre om klima. Ein snakkar om at menneska no er skyld i den sjette store utryddinga: Opp gjennom historia til jorda har det vore fem store masseutryddingar av artar. Den siste og mest kjende, var då ein asteroide råka jorda for omlag 65 millionar år sidan og utrydda dinosaurane. Godt hjelpt av overbeskatning, avskoging, utbygging, monokulturar, miljøgifter og klimaendringar, forårsaker menneska no at artane døyr ut 100-1000 gangar fortare enn normalt (den stadige evolusjonen gjer at det heile tida kjem og går artar, men mykje saktare).
I tillegg – og samanvoven med dette – kjem ressursbruken vår, som no er langt større enn jorda toler over tid. Jorda si samla befolkning har eit såkalla økologisk fotavtrykk på 1,6 jordklodar, og vi i Norge dreg opp snittet. Skulle alle leve som oss over tid, hadde vi trengt 2,1 jordklodar. Vi må naturleg nok ned på 1, sidan vi som kjend berre har ei klode. At vi lever slik vi gjer i dag, går på bekostning av andre deler av verda, og av framtidige generasjonar som må ta igjen for det vi har gjort feil.
Alt dette vil få enorm innverknad på livet til dei som veks opp i dag – det vil prege politikk og forvaltning, arbeidsliv og privatliv. Dei som veks opp i dag treng å få naudsynt kunnskap for framtida si, og framtida vår treng at dei som veks i dag får naudsynt kunnskap!
Denne bloggen er eit utstillingsvindu for skulane og barnehagane i kommunen, og vi håper og trur bloggen på den måten kan bidra til auka fokus på klima- og miljø. På den måten kan vi bidra til å gjere Gloppen til Noregs grønnaste kommune, kor klima- og miljø står høgt på dagsorden og er ein naturleg del av samfunnet.