Figur 1: Elevane frå Firda vidaregåande skule og fagansvarleg hjå Norsk Bremuseum.
Teksten er produsert av Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i samband med at elevane ved det nye klima- og miljøfaget ved Firda vidaregåande skule var på besøk der no nyleg.
Nyleg kom 10 elevar frå Firda vidaregåande skule i Gloppen til Norsk Bremuseum i Fjærland for å få ein dose med klimaundervising i det nye programfaget «Klima og- miljøfag». Global oppvarming kan vera ein fjern tanke når kalde og sure sluddbyger pregar brebygda Fjærland ein formiddag i november. Sjølv om temperaturen vi føler på kroppen ikkje er mykje å skryte av, så kjem klimaendringane mot oss og undervising i klimakunnskap vert enno viktigare for skulane framover.
– Rektor Hallgeir Hansen hjå Firda vidaregåande skule ringte meg for nokre dagar sidan då dei på grunn av ein permisjon mangla lærarar til å utføre noko av klimaundervisinga i det nye programfaget sitt. Sjølvsagt kunne vi stille opp, då noko av det viktigaste for oss som bremuseum og klimasenter er å samarbeide tett med skulane i undervising om klima. Vi har frå før eit veldig godt samarbeid med Firda gjennom prosjektet «Grøn Skule», der mellom anna Høgskulen i Sogn og Fjordane, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane Energi, Fylkeskommunen og UWC (United World College i Fjaler) er involverte.
Norsk Bremuseum får mange elevar og studentar på besøk i sesongen frå april til oktober, men i vinterhalvåret er det litt rolegare og tid til prosjekt som dette.
– Det er ekstra kjekt å ta seg tid til faglege opplegg med skular også utanom sesongen. Denne gongen nytta vi ikkje sjølve museet og landskapet i Fjærland som læringsarena, men vi heldt til i Feltstasjonen; eit bygg vi brukar til seminar og undervising ved Norsk Bremuseum. Til vanleg er det naturgeografi, brelære og klimakunnskap som står i høgsete hjå oss. Det vil seie ein naturvitskapleg vinkling mot klima. Men no hadde vi fokus på den samfunnsfaglege delen av klimafaget, der vi såg på elevane sitt sokalla karbonfotavtrykk og korleis vi kan nytte klimatiltak for å redusere og kutte klimagassutslepp og korleis vi kan bli budde på klimaendringar gjennom klimatilpassing.
Figur 2: Elevane jobbar med karbonfotavtrykk, klimatiltak og klimatilpassing i Feltstasjonen.
Slike fagleg opplegg er noko Norsk Bremuseum ynskjer å få til meir av i framtida.
– Vi er så heldige at vi ligg gunstig plassert mellom fjell, brear og fjord og har eit fantastisk uteklasserom i Fjærland. Sjølv om det er breane som er hovudtema i museet, så er klimakunnskap ein viktig del av vår formidling. Det gjeld ikkje berre for skuleelvar og studentar, men og for folk flest og turistane som kjem til oss. Breane smeltar og utviklinga går i gal retning. Då er global oppvarming og klimaendringar noko vi tek på alvor. Undervising i klima for skulelevane i fylket er difor ein viktig del av formidlingsarbeidet vi held på med.
– Hugs på at jorda vi lev på er den einaste heimen vi har. Dette utsegnet er henta frå klimautstillinga vår der Sir David Attenborough (kjend frå BBC) oppmodar oss til at det enno er tid til å handle.
Nyleg la ein av verdas mest kjende fysikar, Stephen Hawking, fram at vi ikkje vil overleve nye 1000 år på jorda. Og det er ikkje fyrste gongen han kjem med slike dystre spådomar.
I tillegg har det kome nye rapportar på at Arktis er unormalt varmt, at det er rekordlite sjøis både i Arktis og Antarktis og at 2016 ligg an til å bli eit rekordvarmt år på kloden.
– Vi bør sjølvsagt lytte når fagfolk som Hawking talar, fordi dette er eit viktig bodskap som gjeld alle. Og vi bør lytte når ekspertar innan klimaforskinga legg fram sine funn. Vi ynskjer også å vera positive for framtida og at det er mogleg å gjera endringar som er til alle sitt beste. Dette har elevane frå Firda jobba med i klimaundervisinga hjå oss, særleg ved at dei fekk lære om sitt eiga karbonfotavtrykk og korleis dei kan redusere klimagassutslepp på eit personleg nivå. Det verkar kanskje stort å trekke liner frå vårt vesle bidrag i klimaundervisinga i Fjærland til kjende stemmer innan vitskapen, men det er nødvendig for å få fram den viktige bodskapen.