Kva er Energi? – Nordstranda skule på besøk på Newtonrommet.

Det har vore ein spanande haust for elevane på Nordstranda skule. På deira fagdag i naturfag fekk dei moglegheita til å besøke Newtonrommet på Firda VGS. Her venta engasjerte lærarar og eit lærerikt undervisningsopplegg. Newtonrommet si filosofi utgjer å ha ei tett oppfølging av praktisk arbeid rett etter ein teoretisk gjennomgang, å gjere dette i inspirerande omgivnadar og med godt pedagogisk utstyr.

Elevane på Nordstranda skule fekk prøve å lage ei kulebane der kule vidare skulle overføre energi til ein farkost som elevane også laga sjølve. På denne måten fekk elevane sjå korleis stillingsenergi  på toppen av bana blir overført til rørsleenergi i farkosten i enden. Oppgåva vakte stort engasjement og fekk eit stort læringsutbytte.

Energibruk og forståing av kva energi er, er eit sentralt tema i forståinga av klima og miljø utfordringar. For å være i stand til å takle dei utfordringane klimaendringane førar med seg treng dei kommande generasjonane kunnskap og forståing av kva energi er. Forhåpentlegvis er elevane på Nordstranda skule no litt betre skodd for framtida.

Takk for ein fin dag og velkommen igjen!