I år har vi på Firda vgs både Klima- og miljøfag 1 og Klima- og miljøfag 2. Og i dag presenterte K&M 1-klassa korleis verda ser ut i 2050 for den andre klassa.
Gjennom prosjektet «Verda og vi 2050» har K&M 1-klassa sett på ulike framskrivingar, og ut i frå dette gjort seg opp nokre tankar om korleis verda ser ut i 2050. Under dagens presentasjon tok K&M 1 med seg K&M 2 på ei reise i tid, fram til 2050. Så forklarte dei korleis verda ser ut i 2050, og kva som førte til at vi kom dit.
Den eine gruppa hadde om energi og kunne fortelje at i dag (2050) er atomkraft ei viktig energikjelde. Ei anna gruppe fortalde om flyktningar og korleis Maldivene no er heilt fråflytta. Vi fekk også høyre at folk bur tettare og i at dei fleste har solceller på taka og i gardinene. I tillegg lærte vi at kunstig kjøt er blitt billigare, og er i ferd med å konkurrere ut vanleg dyrekjøt. Det er også slik at folk flest ikkje lenger styrer bilane sjølve, men det er framleis pilotar med under langdistanseflygningar. Og i Gloppen har vi vore nøydt til å bygge vollar ut mot fjorden for å beskytte oss mot stormflo grunna havnivåstigninga.
Elevane sitt framtidsbilete var prega av ei god blanding av optimisme og pessimisme. Etter presentasjonen hadde elevane frå K&M 2 førebudd seg slik at dei kunne stille gode spørsmål til framtida. Dette var eit interessant tankeeksperiment, og det blir spanande og sjå kva som blir reelt og ikkje av desse punkta. Det vil framtida vise!
Spenstig opplegg, Hans! Heldige elevar som får rette blikket framover. I mi tid på skulebenken såg vi mest bakover. Både det historiske blikket og framtidsperspektivet er viktig for oss, tenkjer eg.
LikarLikar