Vellukka konferanse!

Knut Isdal Lindstrøm held sluttappellen. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Ole Mathismoen viste teikningar,  Agnes Tvinnerreim lærte oss om berekraft, Cicero oppdaterte oss på status, Astrid Sinnes sa «action!» og Kristine Ullaland hadde samla tre år med søppel i eit lite norgesglas. I skulegården sto Guro og Mats Herman sitt minihus på hjul, på scena sto flaumsimulatoren, i underetasjen fekk elevar vere med på øya Tellus og i Aulaen fekk andre elevar forsøke å løyse framtidas utfordringar. I tillegg fekk vi høyre fleire elevar frå scena kome med inspirerande appellar til medelevar og oss andre.

15.november arrangerte Firda VGS, i samarbeid med NOMIL, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Nordfjordrådet, SFE, Gloppen kommune og Sparebankstiftinga klimakonferansen «Den grøne tråden». Her fekk pedagogar, elevar og andre interesserte høyre, sjå og prøve mykje spennande. Vi lærte om klimaet og miljøet på ulike måtar, fekk tips til korleis ein kan lære meir og ikkje minst vart vi oppfordra til å gjere noko. Under bileta her finn du lenker til foredraga.

Kristine Ullaland oppfordra til Zero waste. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Storm fortalde om erfaringar frå Raftostiftinga sitt opplegg Framtidspiloten. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Elevar for prøve Firda vgs sin flaumsimulator. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Ole Mathismoen fortel om korleis ein kan nå ut gjennom teikneseriar. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Astrid Sinnes oppfordrar til handling. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Astrid Arnslett frå CICERO kjem med siste nytt om klima. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Kristen Ravnestad frå NOMIL losa oss trygt gjennom programmet. Foto: Hans Græsli, Firda VGS

Her er presentasjonane:

Klimakonferansen «Den grøne tråden»

klimakonferanse i GloppenGrøn skule – prosjektet ved Firda vgs inviterer i lag med våre gode samarbeidspartnarar til klimakonferansen «Den Grøne Tråden». Tema for konferansen er klimaformidling og vi ønskjer å sette fokus på å lære om klima og miljø ved å gjere. For det er akkurat det det dreier seg om – å gjere.

Vi har vore heldig som har fått med oss dyktige foredragshaldarar og gode samarbeidspartnarar slik at vi kan levere ein konferanse med høgt fagleg innhald. Vår konferansier Kristen Ravnestad vil guide oss gjennom eit program som omfattar klimautfordringar, klimaformidling og utvikling av handlingskompetanse, samt ei rekke innspel til korleis ein kan jobbe med disse viktige spørsmåla i skule og barnehage. Vi får blant anna møte forskarar, lærebokforfattar, lærarar og folk som har tatt grep og gjort bevisste val i høve til korleis dei kan bidra med eit grønare liv.

Konferansen er ope for alle.

Tid og stad:

Firda vidaregåande skule, Kultursalen i Trivselshagen
15.november, kl 09.30 – 15.00

Meir informasjon, program og påmelding finn de på lenka:

https://sfj.pameldingssystem.no/klimakonferanse