Breim barnehage har i april jobba med temaet bærekraftig utvikling. Det har vore prosjektarbeid på avdeling Dunheia, Snønipa og Eggenipa. Kva høyrer til i naturen og kva er søppel som vi må rydde vekk? Barna har undra seg saman med vaksne kring kva som skjer dersom t.d fisken et plasten som flyt i vatnet. Avdelingane tok turen i fjæra og i skogen for å samle inn alt som ikkje høyre til der. Dette vart ei «skattejakt» og mykje vart funne. Øydelagte ballar, sko, skrujarn og plast var noko av «skattane». Dette vart i sin tur gjenbrukt til noko kreativt skapande der barna styrte prosessen. Samtalane og tankane til barna , samt prosessen frå søppel til gjenbruk vart samla i ei digital bok