Arve Sandal møter Klima og Miljøfag 1 elev

I styret til Grøn Skule sitt ein kompetent mann ved namn Arve Sandal, han har møtt ein tidlegare elev av Klima og Miljøfag 1 ved Firda VGS og skrev ein interessant artikkel om det. Dei er absolutt verdt å lese, her finn du den:

https://www.utanfilter.no/naturleg-intelligens/

IMG6267

Bilde er stjåle frå artikkelen til Arve, vil du vite meir er det berre å lese. 

 

Stille på Den Grøne Tråden – likevell mykje aktivitet

Det har vore stille på bloggen her over lengre tid no, dette er ikkje fordi det har vore lite som har skjedd, men fordi det ikkje har vore mogleg å logge seg inn på bloggen. No er teknikken i orden og vi vil halde lesarane oppdatert på kva som skjer i kommunen.

Det har vore mange spanande prosjekter i haust og vinter og ein spanande tid for oss som arbeider i prosjektet.

Sandkassa – utvikling av eit deltagande undervisningsopplegg

I haust kontakta vi det lokale firmaet Brødrene Aa med ein ide. Vi ville lage eit basseng fylt med sand og vatn som kunne demonstrere korleis klimaendringane, med auka ekstremvær, vil påverke samfunnet vårt lokalt. Med god hjelp av Brødrene Aa og nokre lokale handtverkarar fekk vi laga ein stor sandkasse som i dag er plassert på Newtonrommet til Firda VGS. Det er i jamt i bruk, både av elevar på skulen og elevar frå andre skular i kommunen. Sandkassa engasjera og viser konkret korleis ei elv flommar og kva vi må gjere for å førebu oss slike situasjonar. Dette bassenget vart i bruk når H.M. Dronning Sonja var på besøk og imponerte ho, samt kunnskapsministeren og dei andre besøkande.

I vinter har vi jobba med å utvikle tre undervisningsopplegg med sandkassa som kan leve vidare når Grøn Skule prosjektet er over. Dette vil bli opplegg som er tilpassa ulike aldersgrupper, er engasjerande og faglig sterke. Dette er spenande og vi gledar oss til å teste dei ut utover våren, da vi får fleire besøk frå blant anna Gloppen Ungdomsskule, Breim Skule og Eikesfjord Ungdommskule!

NEWTONROM: Dronning Sonja på omvisning på Firda vidaregåande skule.NEWTONROM: Dronning Sonja på omvisning på Firda vidaregåande skule.

p01DYNl6JSJTFQ7Ie4cwIAnDXbwAOpkLbs9hDTbXknVw (1)

Sandkassa i bruk under dronningbesøket saman med 4. klassingar frå Sandane Skule. 

 

 

Utdanning for bærekraftig utvikling

Det siste prosjeketet vi har satt i gang er ein konferanse for utdanning for bærekraftig utvikling. Dette er enda i startfasen, men vi har mange spanande navn på blokka og mange gode idear, som forhåpentligvis vil resultere i ein god og spanande konferanse. Meir informasjon om dette vil komme!