Verda og vi – 2050

Verda og vi 2050

I år har vi på Firda vgs både Klima- og miljøfag 1 og Klima- og miljøfag 2. Og i dag presenterte K&M 1-klassa korleis verda ser ut i 2050 for den andre klassa.

Gjennom prosjektet «Verda og vi 2050» har K&M 1-klassa sett på ulike framskrivingar, og ut i frå dette gjort seg opp nokre tankar om korleis verda ser ut i 2050. Under dagens presentasjon tok K&M 1 med seg K&M 2 på ei reise i tid, fram til 2050. Så forklarte dei korleis verda ser ut i 2050, og kva som førte til at vi kom dit.

Den eine gruppa hadde om energi og kunne fortelje at i dag (2050) er atomkraft ei viktig energikjelde. Ei anna gruppe fortalde om flyktningar og korleis Maldivene no er heilt fråflytta. Vi fekk også høyre at folk bur tettare og i at dei fleste har solceller på taka og i gardinene. I tillegg lærte vi at kunstig kjøt er blitt billigare, og er i ferd med å konkurrere ut vanleg dyrekjøt. Det er også slik at folk flest ikkje lenger styrer bilane sjølve, men det er framleis pilotar med under langdistanseflygningar. Og i Gloppen har vi vore nøydt til å bygge vollar ut mot fjorden for å beskytte oss mot stormflo grunna havnivåstigninga.

Elevane sitt framtidsbilete var prega av ei god blanding av optimisme og pessimisme. Etter presentasjonen hadde elevane frå K&M 2 førebudd seg slik at dei kunne stille gode spørsmål til framtida. Dette var eit interessant tankeeksperiment, og det blir spanande og sjå kva som blir reelt og ikkje av desse punkta. Det vil framtida vise!

_FHG1359_nett

Klimakonferansen «Den grøne tråden»

klimakonferanse i GloppenGrøn skule – prosjektet ved Firda vgs inviterer i lag med våre gode samarbeidspartnarar til klimakonferansen «Den Grøne Tråden». Tema for konferansen er klimaformidling og vi ønskjer å sette fokus på å lære om klima og miljø ved å gjere. For det er akkurat det det dreier seg om – å gjere.

Vi har vore heldig som har fått med oss dyktige foredragshaldarar og gode samarbeidspartnarar slik at vi kan levere ein konferanse med høgt fagleg innhald. Vår konferansier Kristen Ravnestad vil guide oss gjennom eit program som omfattar klimautfordringar, klimaformidling og utvikling av handlingskompetanse, samt ei rekke innspel til korleis ein kan jobbe med disse viktige spørsmåla i skule og barnehage. Vi får blant anna møte forskarar, lærebokforfattar, lærarar og folk som har tatt grep og gjort bevisste val i høve til korleis dei kan bidra med eit grønare liv.

Konferansen er ope for alle.

Tid og stad:

Firda vidaregåande skule, Kultursalen i Trivselshagen
15.november, kl 09.30 – 15.00

Meir informasjon, program og påmelding finn de på lenka:

https://sfj.pameldingssystem.no/klimakonferanse