Batterijakta

Miljøagentene, Miljøagentane, grøn skule, klima, miljø

4.klasse ved Breim skule har vore på batterijakt:

I Noreg brukar vi mykje batteri. Nesten halvparten av alle batteria vi brukar blir kasta i søppel eller rett i  naturen. Det er ikkje bra. Alle batteri har kjangsen til å kunne få eit nytt liv ved hjelp av resirkulering. Gjennom batterijakta får vi eit fokus på akkurat dette.

Batterijakta går ut på å samle inn flest mogeleg brukte hushaldsbatteri. Dette er ein landsomfattande aksjon for alle 4.klassingar i Noreg. Jakta er i regi av Miljøagentane og i år varte den frå 8. – 28. mars.

Vi i 4. klasse ved Breim var tidleg ute og melde oss på jakta. Vi samla inn batteri i eigen heim og gjekk rundt og samla inn frå andre heimar. Sjølv om det berre var vi i 4. klasse som  var påmelde i konkurransen, har det vert eit fokus på miljø for heile skulen. Både blant både tilsette og  elevar. Alle klassane har vore flinke til å levere brukte batteri. Elevane har og vert veldig engasjerte og har ofte kome på besøk til oss for å høyre korleis det går med innsamlinga.

Medan vi samla inn batteria teipa vi polane og vog batteria. Vi fekk tilsendt ein plakat til å ha oversikt over batteria. På den kryssa vi av etter kor mange kilo vi hadde samla inn. Årsaka til at vi teipa batteria var grunna brannfare og lekkande batterisyre.  I tillegg fekk kvar elev ein økologisk innsamlingspose til innsamlinga. Etter kvart som vi samla inn batteri, leverte vi dei til gjenvinning gjennom Coop Prix Byrkjelo. Siste dagen kom vi fram til at vi hadde samla inn heile 144,15 kg med batteri.

Alt i alt har batterijakta vert eit spennande og lærerikt prosjekt for både store og små!

Korleis har vatn blitt til is? Er vatn is? Eller er is vatn?

Nokre refleksjonar frå Nordstranda barnehage

Barn er naturleg utforskande. Vi finn mykje rart på Kropp og Hopp turane våre. Idag fann vi ei bytte med is, med vatn inn i, og der var det jammen mykje spennande som var frose fast i isen. Vi fabulerte og undra oss over korleis dette hadde blitt til, og skjer det noko med pinnen når vi tek den ned i vatnet? Kva lydar kan vi lage med is og vatn? Korleis har vatnet kome opp i isen?

02-17-nordstranda_2

Våren- ei flott tid

Betraktningar frå Austrheim barnehage

Vi gjer oss stadig nye erfaringar…Sjå!!!  Kva  er det? Og jammen rører det på seg og….Kom og sjå alle saman!!!

Dette vart det store på denne turen. Vi hoppa og sprang, og jammen følgde skuggane etter oss heilt tilbake til barnehagen!! Viktig å ta seg tid til å la barna undre seg over naturen, og vi hadde ein fantastisk tur med mykje humor og glede!!

Verdiar og handling kring miljø og bærekraftig utvikling i Nygård barnehage

Nygård barnehage_13.jpeg

  • Enkelt «gardsliv» og fjøsen vår er eit fast satsingsområde gjennom året.
  • Ferske egg kvar dag. Det er stas å plukke egg og lage mat av det vi sjølve kan hente i fra vår (barne)hage. Sal av egg til bornas heimar.
  • Frå jord til mat til jord. Vi prøvar oss på dyrking av grønsaker og frukt. Alle matrestar gir vi til kaninene og hønene våre. Vi kastar ikkje mat!
  • Leve som man lærer. Det er det vi gjer som ærlig fortel kva verdiar vi etterlev. Vi er opptekne av å vere gode rollemodellar som er bevisst iht forbruk og aktivitet. Her er det heilt normalt å gå på tur å plukke med seg boss og å ta med seg spagetti restane frå middagen i går er topp, då vert det fest i hønegarden

Nygård barnehage_11.jpg

Breim barnehage har eige hønseri og kjøkkenhage

02-17-breimbarnehage_09

I Breim barnehage har ein eige hønseri og kjøkenhage. Kvar dag gjennom heile året steller barna på omgang hønene.  Her lærer dei naturen sitt kretsløp. Hønene produserer naturleg nok møkk, som ein  nyttar som gjødsel i kjøkenhagen. I kjøkenhagen dyrkar ein t.d grønkål som vert til hønsemat. Hønene vert fora og kosa med , så får vi egg tilbake. Kosing er veldig viktig for å unngå at hønene hakkar på kvarandre. Egga nyttar ein til t.d matlaging i barnehagen. Det vert såleis ein grøn tråd frå jord til bord.  Dette er i ordets rette forstand verkeleg kortreist  mat  som er  plukka, vaska og talt av kjærlege barnehender!