Verda og vi – 2050

Verda og vi 2050

I år har vi på Firda vgs både Klima- og miljøfag 1 og Klima- og miljøfag 2. Og i dag presenterte K&M 1-klassa korleis verda ser ut i 2050 for den andre klassa.

Gjennom prosjektet «Verda og vi 2050» har K&M 1-klassa sett på ulike framskrivingar, og ut i frå dette gjort seg opp nokre tankar om korleis verda ser ut i 2050. Under dagens presentasjon tok K&M 1 med seg K&M 2 på ei reise i tid, fram til 2050. Så forklarte dei korleis verda ser ut i 2050, og kva som førte til at vi kom dit.

Den eine gruppa hadde om energi og kunne fortelje at i dag (2050) er atomkraft ei viktig energikjelde. Ei anna gruppe fortalde om flyktningar og korleis Maldivene no er heilt fråflytta. Vi fekk også høyre at folk bur tettare og i at dei fleste har solceller på taka og i gardinene. I tillegg lærte vi at kunstig kjøt er blitt billigare, og er i ferd med å konkurrere ut vanleg dyrekjøt. Det er også slik at folk flest ikkje lenger styrer bilane sjølve, men det er framleis pilotar med under langdistanseflygningar. Og i Gloppen har vi vore nøydt til å bygge vollar ut mot fjorden for å beskytte oss mot stormflo grunna havnivåstigninga.

Elevane sitt framtidsbilete var prega av ei god blanding av optimisme og pessimisme. Etter presentasjonen hadde elevane frå K&M 2 førebudd seg slik at dei kunne stille gode spørsmål til framtida. Dette var eit interessant tankeeksperiment, og det blir spanande og sjå kva som blir reelt og ikkje av desse punkta. Det vil framtida vise!

_FHG1359_nett

Grøne fingrar og skitne neglar

Førre veke fekk elevar ved Breim skule prøve ut å vere gartnarar på garden Pertunet på Reed. Gardsopplegget til Kjell og Sabine følgjer ein fast plan, og gjennom sju års skulegang får elevane vere innom mange forskjellige gardsaktivitetar. Etter å ha dyrka potet i 1. klasse, vore fadderar for småkalvar i 2. klasse og plukka eple i 3. klasse er dei i 4. klasse klare for storjobben: nemleg å dyrke fram eit stort tal forskjellige grønsaker.

Først måtte jorda gjødslast, kalkast og rakast. Så sådde vi frø i små potter og kar, og etter 4 veker var desse klare til utplanting. Det er artig kor forskjellig frø kan sjå ut, og visste du at det finst inntil 1,5 mill. smådyr per gram god hagejord? Alt går sjølvsagt føre seg på økologisk vis, dvs. at vi ikkje brukar gift mot ugras og skadedyr, og heller ikkje kunstgjødsel som er svært ressurskrevjande å framstille. Her går det i kompostert hønsemøkk og gamaldags luking.

Når vi jobbar i pakt med naturen ser vi fort korleis alt heng saman og kor fantastisk det eigentleg er at hagen kan bli til ein velsmakande oase i løpet av få månader. No håpar vi på ein god grønsakssommar (ikkje for varmt, ikkje for kaldt, ikkje for lite eller for mykje regn) og i haust kan vi seie: Velkomen tilbake til garden! Då skal 4.klassingane som har blitt 5. klassingar hauste frå markens grøde.