Korleis har vatn blitt til is? Er vatn is? Eller er is vatn?

Nokre refleksjonar frå Nordstranda barnehage

Barn er naturleg utforskande. Vi finn mykje rart på Kropp og Hopp turane våre. Idag fann vi ei bytte med is, med vatn inn i, og der var det jammen mykje spennande som var frose fast i isen. Vi fabulerte og undra oss over korleis dette hadde blitt til, og skjer det noko med pinnen når vi tek den ned i vatnet? Kva lydar kan vi lage med is og vatn? Korleis har vatnet kome opp i isen?

02-17-nordstranda_2

Breim barnehage har eige hønseri og kjøkkenhage

02-17-breimbarnehage_09

I Breim barnehage har ein eige hønseri og kjøkenhage. Kvar dag gjennom heile året steller barna på omgang hønene.  Her lærer dei naturen sitt kretsløp. Hønene produserer naturleg nok møkk, som ein  nyttar som gjødsel i kjøkenhagen. I kjøkenhagen dyrkar ein t.d grønkål som vert til hønsemat. Hønene vert fora og kosa med , så får vi egg tilbake. Kosing er veldig viktig for å unngå at hønene hakkar på kvarandre. Egga nyttar ein til t.d matlaging i barnehagen. Det vert såleis ein grøn tråd frå jord til bord.  Dette er i ordets rette forstand verkeleg kortreist  mat  som er  plukka, vaska og talt av kjærlege barnehender!

Mona barnehage har studert vèret

Vi på Raud avdeling i Mona barnehage har hatt vèr som tema no i januar. Nordmenn flest er jo opptekne av vèret, og det er eit heitt tema no i desse klima-tider. Difor ville vi sjå litt på ulike typar vèr og temperatuar, og kva som er med på å påverke det vèret vi har.

mona-barnhage-vaer

Dette har vi gjort ved å eksperimentere, studere, synge og lese om vèr og vèrfenomen i samlingsstunda, og gjennom formingsaktivitetar og leik.

Kvar dag har vi ført logg over vèr og temperatur. Vi har studert vèret og temperaturen, og snakka om varme- og kuldegrader, og kva som skjer med vatn når det er kaldt og varmt, samt vatn sine tre former: flytande, is og damp. mona-barnhage-vaer2Vi har brukt vatn i fleire av eksperimenta; vatn som “målestokk” i høve varme- og kuldegrader, og når vi har sett på vatnet sitt kretsløp / korleis skyene blir til.

Boka “Guten og nordavinden” las vi med jamne mellomrom, og vi har snakka om og erfart vinden sine eigenskapar. I tillegg song vi songar som handlar om vèret / vèrfenomen som til dømes “Soltrall”, “Snøstjerne, kvit stjerne”, “Se, regndråper”, “Det snør, det snør”, “Sol, sol, kom igjen”, “Bustebartepinn” og “Snømannen Kalle”.

Dessutan har vi snakka om kva klede vi må ha på oss i høve dagens vèr.

Dette gjorde vi:mona-barnhage-vaer9

Eksperiment:

  • Ein dag det var skikkeleg kaldt, såg vi på korleis såpeboblene fraus til is. Det var
    spennande å sjå korleis iskrystallen vaks utover i bobla før den sprakk. Og vi hadde med eit svart papir og studerte snøkrystallane.
  • Vi studerte vatnet sine tre former: is, flytande og damp
  • Vi lagde sky og “regn” i eit sylteglas
  • Vi haurde på vèrlydar (vind, regn, torden)
  • Vi lagde papirhelikopter og prøvde ut ulike flytilhøver – det var vanskeleg å fly i sterk vind…

Då vi avslutta temaet, lagde vi statistikk over vèret og temperaturane som vi hadde i januar, og såg på korleis temperaturen påverka nedbøren.

mona-barnhage-vaer7