Grøne fingrar og skitne neglar

Førre veke fekk elevar ved Breim skule prøve ut å vere gartnarar på garden Pertunet på Reed. Gardsopplegget til Kjell og Sabine følgjer ein fast plan, og gjennom sju års skulegang får elevane vere innom mange forskjellige gardsaktivitetar. Etter å ha dyrka potet i 1. klasse, vore fadderar for småkalvar i 2. klasse og plukka eple i 3. klasse er dei i 4. klasse klare for storjobben: nemleg å dyrke fram eit stort tal forskjellige grønsaker.

Først måtte jorda gjødslast, kalkast og rakast. Så sådde vi frø i små potter og kar, og etter 4 veker var desse klare til utplanting. Det er artig kor forskjellig frø kan sjå ut, og visste du at det finst inntil 1,5 mill. smådyr per gram god hagejord? Alt går sjølvsagt føre seg på økologisk vis, dvs. at vi ikkje brukar gift mot ugras og skadedyr, og heller ikkje kunstgjødsel som er svært ressurskrevjande å framstille. Her går det i kompostert hønsemøkk og gamaldags luking.

Når vi jobbar i pakt med naturen ser vi fort korleis alt heng saman og kor fantastisk det eigentleg er at hagen kan bli til ein velsmakande oase i løpet av få månader. No håpar vi på ein god grønsakssommar (ikkje for varmt, ikkje for kaldt, ikkje for lite eller for mykje regn) og i haust kan vi seie: Velkomen tilbake til garden! Då skal 4.klassingane som har blitt 5. klassingar hauste frå markens grøde.

Batterijakta

Miljøagentene, Miljøagentane, grøn skule, klima, miljø

4.klasse ved Breim skule har vore på batterijakt:

I Noreg brukar vi mykje batteri. Nesten halvparten av alle batteria vi brukar blir kasta i søppel eller rett i  naturen. Det er ikkje bra. Alle batteri har kjangsen til å kunne få eit nytt liv ved hjelp av resirkulering. Gjennom batterijakta får vi eit fokus på akkurat dette.

Batterijakta går ut på å samle inn flest mogeleg brukte hushaldsbatteri. Dette er ein landsomfattande aksjon for alle 4.klassingar i Noreg. Jakta er i regi av Miljøagentane og i år varte den frå 8. – 28. mars.

Vi i 4. klasse ved Breim var tidleg ute og melde oss på jakta. Vi samla inn batteri i eigen heim og gjekk rundt og samla inn frå andre heimar. Sjølv om det berre var vi i 4. klasse som  var påmelde i konkurransen, har det vert eit fokus på miljø for heile skulen. Både blant både tilsette og  elevar. Alle klassane har vore flinke til å levere brukte batteri. Elevane har og vert veldig engasjerte og har ofte kome på besøk til oss for å høyre korleis det går med innsamlinga.

Medan vi samla inn batteria teipa vi polane og vog batteria. Vi fekk tilsendt ein plakat til å ha oversikt over batteria. På den kryssa vi av etter kor mange kilo vi hadde samla inn. Årsaka til at vi teipa batteria var grunna brannfare og lekkande batterisyre.  I tillegg fekk kvar elev ein økologisk innsamlingspose til innsamlinga. Etter kvart som vi samla inn batteri, leverte vi dei til gjenvinning gjennom Coop Prix Byrkjelo. Siste dagen kom vi fram til at vi hadde samla inn heile 144,15 kg med batteri.

Alt i alt har batterijakta vert eit spennande og lærerikt prosjekt for både store og små!