Byttedag på Firda VGS

Den 16. januar vart det arrangert byttedag i Aulaen på Firda vidaregåande skule. Det var Natur og Ungdom Nordfjord som stod bak. Mange folk var innom, og byttedagen blei ein suksess!

test

Byttedag i Aulaen på Firda vgs 16 januar 2019. Foto: Birte Fossheim

Klima og miljø i fokus

Bakgrunnen for at Frida Bjørnereim og Julie Aksnes Williamsen i Natur og Ungdom Nordfjord tok initiativ til denne byttedagen, er eit bidrag for miljøet. – Det høge forbruket vårt på kle og ting, veit vi bidreg til forureining og utslepp. Ved at ting som vi ikkje brukar meir, kjem til nytte hjå ein ny eigar, så bidrar dette positivt for miljøet. Ei slik konkret handling, er også med å endre folk sine haldningar. Når ein finn seg eit plagg eller ein ny lampe på bruktmarknaden, så gjere det oss gjerne litt meir bevisst som forbrukarar, seier Julie som er godt fornøgd med responsen både på stands og frå folk som var innom. Folk sine haldningar til gjenbruk, opplever dei stadig blir meir positive, seier dei to. – Og «gi-vekk-stasjonen» var spesielt populær for hybelburar som trengte kjøkenutstyr og dekor!

Dei to fekk mykje ros for initiativet, både frå dei som hadde stand og dei som kom for å handle.

Slik organiserte dei byttedagen

Kven som helst kunne melde seg på med stand via eit arrangement på facebook. Du valde sjølv korleis standene din skulle vere, kva du ville selje, bytte eller gi bort. Standen kosta 50 kr, og då kom du til ferdig klargjort stand der du kunne plassere ut varene dine, lekker tapas for gjester som besøkte bruktmarknaden, og utlodding av premiar for personar som deltok. Dei kleda som folk ikkje ville ta med seg heim etter marknaden, tok dans- og dramaklassa på Firda seg av, og leverte til Fretex det dei ikkje kunne bruke.

Vil kome fleire byttedagar

– Dette var så moro, at vi gjerne vil gjennomfører liknande arrangement fleire gonger, seier initiativtakarane Frida og Julie frå Natur og Ungdom. Gloppen kommune har vore og spurt om vi kan tenkje oss å arrangere byttedag på ein Landsbylaurdag i Sandane sentrum, og det sa vi sjølvsagt ja til, smiler dei to klimaengasjerte ungdomane.

frida og lindis

Initiativtakar Frida Bjørnereim (t.v) og Julie Aksnes Williams i Natur og Ungdom Nordfjord. Foto: Birte Fossheim

Klimakonferansen «Den grøne tråden»

klimakonferanse i GloppenGrøn skule – prosjektet ved Firda vgs inviterer i lag med våre gode samarbeidspartnarar til klimakonferansen «Den Grøne Tråden». Tema for konferansen er klimaformidling og vi ønskjer å sette fokus på å lære om klima og miljø ved å gjere. For det er akkurat det det dreier seg om – å gjere.

Vi har vore heldig som har fått med oss dyktige foredragshaldarar og gode samarbeidspartnarar slik at vi kan levere ein konferanse med høgt fagleg innhald. Vår konferansier Kristen Ravnestad vil guide oss gjennom eit program som omfattar klimautfordringar, klimaformidling og utvikling av handlingskompetanse, samt ei rekke innspel til korleis ein kan jobbe med disse viktige spørsmåla i skule og barnehage. Vi får blant anna møte forskarar, lærebokforfattar, lærarar og folk som har tatt grep og gjort bevisste val i høve til korleis dei kan bidra med eit grønare liv.

Konferansen er ope for alle.

Tid og stad:

Firda vidaregåande skule, Kultursalen i Trivselshagen
15.november, kl 09.30 – 15.00

Meir informasjon, program og påmelding finn de på lenka:

https://sfj.pameldingssystem.no/klimakonferanse