Korleis har vatn blitt til is? Er vatn is? Eller er is vatn?

Nokre refleksjonar frå Nordstranda barnehage

Barn er naturleg utforskande. Vi finn mykje rart på Kropp og Hopp turane våre. Idag fann vi ei bytte med is, med vatn inn i, og der var det jammen mykje spennande som var frose fast i isen. Vi fabulerte og undra oss over korleis dette hadde blitt til, og skjer det noko med pinnen når vi tek den ned i vatnet? Kva lydar kan vi lage med is og vatn? Korleis har vatnet kome opp i isen?

02-17-nordstranda_2

Våren- ei flott tid

Betraktningar frå Austrheim barnehage

Vi gjer oss stadig nye erfaringar…Sjå!!!  Kva  er det? Og jammen rører det på seg og….Kom og sjå alle saman!!!

Dette vart det store på denne turen. Vi hoppa og sprang, og jammen følgde skuggane etter oss heilt tilbake til barnehagen!! Viktig å ta seg tid til å la barna undre seg over naturen, og vi hadde ein fantastisk tur med mykje humor og glede!!

Verdiar og handling kring miljø og bærekraftig utvikling i Nygård barnehage

Nygård barnehage_13.jpeg

  • Enkelt «gardsliv» og fjøsen vår er eit fast satsingsområde gjennom året.
  • Ferske egg kvar dag. Det er stas å plukke egg og lage mat av det vi sjølve kan hente i fra vår (barne)hage. Sal av egg til bornas heimar.
  • Frå jord til mat til jord. Vi prøvar oss på dyrking av grønsaker og frukt. Alle matrestar gir vi til kaninene og hønene våre. Vi kastar ikkje mat!
  • Leve som man lærer. Det er det vi gjer som ærlig fortel kva verdiar vi etterlev. Vi er opptekne av å vere gode rollemodellar som er bevisst iht forbruk og aktivitet. Her er det heilt normalt å gå på tur å plukke med seg boss og å ta med seg spagetti restane frå middagen i går er topp, då vert det fest i hønegarden

Nygård barnehage_11.jpg

Samefolkets dag 6. februar

02-17-ryggbarnehage_1

Rygg barnehage feira den samiske nasjonaldagen samen med alle samane i Norge. Det er 100 år sidan det første samiske landsmøtet fann stad i Trondheim.

Ved å lese og vise bilete, lage lavoar og skallar, synge joik, kaste lasso på ekte reinsdyrshorn og ete reinsdyrskav har barna i Rygg barnehage fått eit innblikk i den samiske kulturen og deira verdiar knytta til bruk av naturen. Dette har vore ein festdag.

Breim barnehage har eige hønseri og kjøkkenhage

02-17-breimbarnehage_09

I Breim barnehage har ein eige hønseri og kjøkenhage. Kvar dag gjennom heile året steller barna på omgang hønene.  Her lærer dei naturen sitt kretsløp. Hønene produserer naturleg nok møkk, som ein  nyttar som gjødsel i kjøkenhagen. I kjøkenhagen dyrkar ein t.d grønkål som vert til hønsemat. Hønene vert fora og kosa med , så får vi egg tilbake. Kosing er veldig viktig for å unngå at hønene hakkar på kvarandre. Egga nyttar ein til t.d matlaging i barnehagen. Det vert såleis ein grøn tråd frå jord til bord.  Dette er i ordets rette forstand verkeleg kortreist  mat  som er  plukka, vaska og talt av kjærlege barnehender!

Mona barnehage har studert vèret

Vi på Raud avdeling i Mona barnehage har hatt vèr som tema no i januar. Nordmenn flest er jo opptekne av vèret, og det er eit heitt tema no i desse klima-tider. Difor ville vi sjå litt på ulike typar vèr og temperatuar, og kva som er med på å påverke det vèret vi har.

mona-barnhage-vaer

Dette har vi gjort ved å eksperimentere, studere, synge og lese om vèr og vèrfenomen i samlingsstunda, og gjennom formingsaktivitetar og leik.

Kvar dag har vi ført logg over vèr og temperatur. Vi har studert vèret og temperaturen, og snakka om varme- og kuldegrader, og kva som skjer med vatn når det er kaldt og varmt, samt vatn sine tre former: flytande, is og damp. mona-barnhage-vaer2Vi har brukt vatn i fleire av eksperimenta; vatn som “målestokk” i høve varme- og kuldegrader, og når vi har sett på vatnet sitt kretsløp / korleis skyene blir til.

Boka “Guten og nordavinden” las vi med jamne mellomrom, og vi har snakka om og erfart vinden sine eigenskapar. I tillegg song vi songar som handlar om vèret / vèrfenomen som til dømes “Soltrall”, “Snøstjerne, kvit stjerne”, “Se, regndråper”, “Det snør, det snør”, “Sol, sol, kom igjen”, “Bustebartepinn” og “Snømannen Kalle”.

Dessutan har vi snakka om kva klede vi må ha på oss i høve dagens vèr.

Dette gjorde vi:mona-barnhage-vaer9

Eksperiment:

  • Ein dag det var skikkeleg kaldt, såg vi på korleis såpeboblene fraus til is. Det var
    spennande å sjå korleis iskrystallen vaks utover i bobla før den sprakk. Og vi hadde med eit svart papir og studerte snøkrystallane.
  • Vi studerte vatnet sine tre former: is, flytande og damp
  • Vi lagde sky og “regn” i eit sylteglas
  • Vi haurde på vèrlydar (vind, regn, torden)
  • Vi lagde papirhelikopter og prøvde ut ulike flytilhøver – det var vanskeleg å fly i sterk vind…

Då vi avslutta temaet, lagde vi statistikk over vèret og temperaturane som vi hadde i januar, og såg på korleis temperaturen påverka nedbøren.

mona-barnhage-vaer7

Besteforeldrekafé i Nygård barnhage

nygard-barnehage_5

Vi arrangerte besteforeldre kaf 25.nov, på sjølvaste “black friday”! Ein motpol som vi er stolte av! Vi ynskjer gjere noko for andre, og i dagar og veker baka og snekrvi, måla, glittra og limte for å lage fine julegåver som besteforeldra kunne få kjøpe. Vi selde og lodd, og hadde mange fine premiar til dei heldige vinnarane. Inntektene frå kafeen gjekk til eit prosjekt som heiter “Make possible”. Organisasjonen hjelper foreldrelause born og arbeider for å gje dei gode oppvekstvilkår på alle vis via gode og kjærlige barneheimar. I barnehagen har vi fokus både på klima og miljø når vi vel å hjelpe andre barn. Den spesifikke barneheimen vi støttar er i Arusha, Tanzania.  Vi har også miljøvennleg og grøn  “omvendt” julekalender på storbarnavdeling «Småfolk» i desember.  Borna tek med leikar heimanfrå som dei ikkje lenger brukar. Vi pakkar desse inn og sender til barneheimen i Arusha. Vi har eit samarbeid med bistandslinja ved Grenland folkehøgskule som årleg reiser til barneheimen og tek med seg julegåvene frå borna i Nygård barnehage. Det er svært motiverande for borna i barnehagen å få bileter frå Arusha som syner glade born som har fått ei fin gåve. Den største glede ein kan ha er å gjere andre glad!

Les gjerne meir om dette på vår facebook side 🙂

Helsing små og store i Nygård barnehage

nygard-barnehage_2nygard-barnehage_6nygard-barnehage_7

Klima- og miljøfag på Norsk Bremuseum

norsk-bremuseum_kielland_2Figur 1: Elevane frå Firda vidaregåande skule og fagansvarleg hjå Norsk Bremuseum.

Teksten er produsert av Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i samband med at elevane ved det nye klima- og miljøfaget ved Firda vidaregåande skule var på besøk der no nyleg.

Nyleg kom 10 elevar frå Firda vidaregåande skule i Gloppen til Norsk Bremuseum i Fjærland for å få ein dose med klimaundervising i det nye programfaget «Klima og- miljøfag». Global oppvarming kan vera ein fjern tanke når kalde og sure sluddbyger pregar brebygda Fjærland ein formiddag i november. Sjølv om temperaturen vi føler på kroppen ikkje er mykje å skryte av, så kjem klimaendringane mot oss og undervising i klimakunnskap vert enno viktigare for skulane framover.

 

– Rektor Hallgeir Hansen hjå Firda vidaregåande skule ringte meg for nokre dagar sidan då dei på grunn av ein permisjon mangla lærarar til å utføre noko av klimaundervisinga i det nye programfaget sitt. Sjølvsagt kunne vi stille opp, då noko av det viktigaste for oss som bremuseum og klimasenter er å samarbeide tett med skulane i undervising om klima. Vi har frå før eit veldig godt samarbeid med Firda gjennom prosjektet «Grøn Skule», der mellom anna Høgskulen i Sogn og Fjordane, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane Energi, Fylkeskommunen og UWC (United World College i Fjaler) er involverte.

Norsk Bremuseum får mange elevar og studentar på besøk i sesongen frå april til oktober, men i vinterhalvåret er det litt rolegare og tid til prosjekt som dette.

– Det er ekstra kjekt å ta seg tid til faglege opplegg med skular også utanom sesongen. Denne gongen nytta vi ikkje sjølve museet og landskapet i Fjærland som læringsarena, men vi heldt til i Feltstasjonen; eit bygg vi brukar til seminar og undervising ved Norsk Bremuseum. Til vanleg er det naturgeografi, brelære og klimakunnskap som står i høgsete hjå oss. Det vil seie ein naturvitskapleg vinkling mot klima. Men no hadde vi fokus på den samfunnsfaglege delen av klimafaget, der vi såg på elevane sitt sokalla karbonfotavtrykk og korleis vi kan nytte klimatiltak for å redusere og kutte klimagassutslepp og korleis vi kan bli budde på klimaendringar gjennom klimatilpassing.

nors-bremuseum_kiellandFigur 2: Elevane jobbar med karbonfotavtrykk, klimatiltak og klimatilpassing i Feltstasjonen.

Slike fagleg opplegg er noko Norsk Bremuseum ynskjer å få til meir av i framtida.

– Vi er så heldige at vi ligg gunstig plassert mellom fjell, brear og fjord og har eit fantastisk uteklasserom i Fjærland. Sjølv om det er breane som er hovudtema i museet, så er klimakunnskap ein viktig del av vår formidling. Det gjeld ikkje berre for skuleelvar og studentar, men og for folk flest og turistane som kjem til oss. Breane smeltar og utviklinga går i gal retning. Då er global oppvarming og klimaendringar noko vi tek på alvor. Undervising i klima for skulelevane i fylket er difor ein viktig del av formidlingsarbeidet vi held på med.

– Hugs på at jorda vi lev på er den einaste heimen vi har. Dette utsegnet er henta frå klimautstillinga vår der Sir David Attenborough (kjend frå BBC) oppmodar oss til at det enno er tid til å handle.

Nyleg la ein av verdas mest kjende fysikar, Stephen Hawking, fram at vi ikkje vil overleve nye 1000 år på jorda. Og det er ikkje fyrste gongen han kjem med slike dystre spådomar.

Her finn du saka frå NRK.

I tillegg har det kome nye rapportar på at Arktis er unormalt varmt, at det er rekordlite sjøis både i Arktis og Antarktis og at 2016 ligg an til å bli eit rekordvarmt år på kloden.

– Vi bør sjølvsagt lytte når fagfolk som Hawking talar, fordi dette er eit viktig bodskap som gjeld alle. Og vi bør lytte når ekspertar innan klimaforskinga legg fram sine funn.  Vi ynskjer også å vera positive for framtida og at det er mogleg å gjera endringar som er til alle sitt beste. Dette har elevane frå Firda jobba med i klimaundervisinga hjå oss, særleg ved at dei fekk lære om sitt eiga karbonfotavtrykk og korleis dei kan redusere klimagassutslepp på eit personleg nivå. Det verkar kanskje stort å trekke liner frå vårt vesle bidrag i klimaundervisinga i Fjærland til kjende stemmer innan vitskapen, men det er nødvendig for å få fram den viktige bodskapen.

Dei fantastiske blada

img_2665

Gule, mange, leikne, lette, store, små, aleine, i hauger.

Vi vassa i dei der dei låg på bakken då vi, ei gruppe frå Nordstranda barnehage, var på «Kropp og Hopp tur» sist onsdag.

Kvar kjem du frå du blad? Kva som gjer at du ikkje vil vere på treet lenger? Og kvifor er du blitt gul ? Kva skjer med deg når snøen kjem?  Her er mykje å undre seg over.

Vi kom ikkje lenger enn hit på den turen,  blada låg der og ropa på oss: «Kast oss opp i lufta da vel» «lag hauger av oss» «kjenn korleis vi kiler deg i andletet». Blad gjer oss gladeJ og sprettne.

img_2648img_2655