Mona barnehage har studert vèret

Vi på Raud avdeling i Mona barnehage har hatt vèr som tema no i januar. Nordmenn flest er jo opptekne av vèret, og det er eit heitt tema no i desse klima-tider. Difor ville vi sjå litt på ulike typar vèr og temperatuar, og kva som er med på å påverke det vèret vi har.

mona-barnhage-vaer

Dette har vi gjort ved å eksperimentere, studere, synge og lese om vèr og vèrfenomen i samlingsstunda, og gjennom formingsaktivitetar og leik.

Kvar dag har vi ført logg over vèr og temperatur. Vi har studert vèret og temperaturen, og snakka om varme- og kuldegrader, og kva som skjer med vatn når det er kaldt og varmt, samt vatn sine tre former: flytande, is og damp. mona-barnhage-vaer2Vi har brukt vatn i fleire av eksperimenta; vatn som “målestokk” i høve varme- og kuldegrader, og når vi har sett på vatnet sitt kretsløp / korleis skyene blir til.

Boka “Guten og nordavinden” las vi med jamne mellomrom, og vi har snakka om og erfart vinden sine eigenskapar. I tillegg song vi songar som handlar om vèret / vèrfenomen som til dømes “Soltrall”, “Snøstjerne, kvit stjerne”, “Se, regndråper”, “Det snør, det snør”, “Sol, sol, kom igjen”, “Bustebartepinn” og “Snømannen Kalle”.

Dessutan har vi snakka om kva klede vi må ha på oss i høve dagens vèr.

Dette gjorde vi:mona-barnhage-vaer9

Eksperiment:

  • Ein dag det var skikkeleg kaldt, såg vi på korleis såpeboblene fraus til is. Det var
    spennande å sjå korleis iskrystallen vaks utover i bobla før den sprakk. Og vi hadde med eit svart papir og studerte snøkrystallane.
  • Vi studerte vatnet sine tre former: is, flytande og damp
  • Vi lagde sky og “regn” i eit sylteglas
  • Vi haurde på vèrlydar (vind, regn, torden)
  • Vi lagde papirhelikopter og prøvde ut ulike flytilhøver – det var vanskeleg å fly i sterk vind…

Då vi avslutta temaet, lagde vi statistikk over vèret og temperaturane som vi hadde i januar, og såg på korleis temperaturen påverka nedbøren.

mona-barnhage-vaer7

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s